Eviny

Eviny vurderer pumpekraftverk i Samnanger

Skrevet av Eviny | Nov 12, 2024 9:14:58 AM

Eviny sine vasskraftverk i Samnanger treng oppgradering for å møta krav til større fleksibilitet i produksjonen. Ved Kvitingsvatnet kan det vera mogleg å byggja eit pumpekraftverk som kan produsera når kraftbehovet er stort, og pumpa vatnet opp igjen i Svartavatnet når behovet er lite.

 

I dag er det berre ti pumpekraftverk i Norge, der Eviny har eitt av dei, Nygard pumpekraftverk i Modalen.

 

– Dei fleste kraftverka våre er laga for å produsera relativt jamt, men dei siste åra har vi sett at behovet for kraftproduksjon endrar seg mykje raskare og med langt større utslag enn tidlegare. Det har blitt ein større ubalanse mellom forbruk og produksjon, og vi må tilpassa produksjonen vår til nye behov i samfunnet, seier Svenn Rognås, divisjonsleiar i Eviny Fornybar.

Svenn Rognås. Foto: Nils Ole Refvik
 

Gode magasin

Halvparten av energibruken i Norge kjem frå fossile kjelder som olje og gass. For å kutta utslepp skal fossil energibruk erstattast med straum, og mykje av dette vil vera uregulert kraft som vind og sol. I periodar med lite vind og sol kan vi få problem med å ha nok effekt tilgjengeleg i kraftsystemet. Det er bakgrunnen for at Eviny har kartlagt vassdrag som er regulert til vasskraftproduksjon, for å sjå om det er mogleg å oppgradera produksjonen til å bli endå meir fleksibel.

 

– I øvre del av Samnangervassdraget har vi to gode magasin for å flytta vatn opp og ned i eit pumpekraftverk. Vi er i ein tidleg fase, og det er eit stykke fram før vi eventuelt søkjer konsesjon. No gjennomfører vi grundige konsekvensutgreiingar av miljø og andre relevante tema for å få kunnskap om både fordelar og ulemper med prosjektet. Vi har som mål at prosjekta skal bidra til betre miljøstatus i anlegga våre, understrekar Rognås.

 

Kraftverk inne i fjellet

Eviny undersøkjer også om det er mogleg å byggja eit kraftverk i nedre del av Samnangervassdraget. Planen er å bruka Kvitingsvatnet som inntaksmagasin med utløp til Samnangerfjorden. Kraftverket vil liggja inne i fjellet.

 

– Dette vil både gi meir energi og større fleksibilitet til å produsera når behovet er størst, seier Rognås.

Kvitingsvatnet. Foto: Nils Ole Refvik
 

Mykje arbeid står igjen

Det er for tidleg å seia noko presist om energiproduksjon og effekt på dei to moglege kraftverka. Det same gjeld kostnadsramme. Eviny vil jobba vidare med å utvikla prosjekta og få fram meir kunnskap om konsekvensar, før ein eventuelt kan søkja konsesjon i løpet av 2025.

 

Det er oppretta dialog med Samnanger kommune, og kommunestyret har fått ei første orientering.