Fornybar Norge

"Bli kjent med deltakeren" til Smartgridkonferansen

Skrevet av Fornybar Norge | Aug 29, 2023 7:39:55 AM

 

Navn: Sven Arild Kjerpeset

Stillingstittel: Divisjonssjef Teknologi

Firma: Linja

 

Hvorfor deltar du på Smartgridkonferansen?

 

Smartgridkonferansen er ein viktig arena for meg å delta på for å halde meg oppdatert på den rivande utviklinga som skjer i bransjen vår, og knyte kontakter med andre i same situasjon og same utfordringar som meg sjølv. Vi er ein bransje som består av mange selskap som i stor grad driv med det same, så samsnakk på tvers av selskap er ein viktig gevinst å hente her. Eg har også opplevd å bli kjent med teknologileverandørar som har vist seg å vere verdifullt å spele vidare på i etterkant av konferansen.

 

 

Er det noe i programmet du spesielt ser frem til å høre om?

 

Eit tema som opptar med for tida er cybersikkerhet og kva ein må tenke på for å implementere ny teknologi drifta utan at det går på bekostning av IKT-sikkerhet og forsyningssikkerhet. Vi er avhengig av å ta i bruk meir sensorikk for å utnytte fleksibiliteten og drifte nettet tettare på tolegrensene, men dette krever innføring av system og prosesseringsverktøy som auker kompleksiteten, og dermed risikoen. Dette må vi handtere på ein trygg måte.

 

 

Kan du nevne tre grunner til hvorfor du mener andre bør delta på Smartgridkonferansen?

 

  1. Læring. Innleggene er av høg kvalitet, og gir deltakaren ein unik innsikt i tankegodset til dei fremste ekspertane bransjen og lære av dei selskapa som er mest framme i skoa.
  2. Nettverksbygging. Ein møter likesinna, og som regel er dei minst like interessert som meg å halde kontakten og sparre med på eit seinare tidspunkt.
  3. Inspirasjon. Ein treng å komme seg litt ut av den daglege bobla, og bruke slike moglegheiter til å sleppe inn nye inntrykk og idèar. Plutselig er det sådd eit frø i deg som du kan ta med deg heim og dyrke vidare der. 

Kan Smartgridkonferansen på noen måte påvirke arbeidet ditt i eget selskap?

 

Vi er i ein brytningstid med store endringar i bransjen, så det er viktig å vere påkopla trendane i bransjen for å vere i stand til å ta gode strategiske val. Innføring av nye sensorar og teknologiar skaper nye og spanande moglegheiter, med også behov for fersk kompetanse som kombinerar elkraft og IKT. Samfunnet krever meir nett, samtidig som at myndigheitene stramar til skruen med auka krav til effektivitet. Og endringane må gjerast på sikker måte, spesielt i lys av den geopolitiske situasjonen vi står i for tida.  Dette er eit krevande landskap å manøvrere i, og Smartgridkonferansen er eit døme på ein arena der ein kan tilegne seg innsikt og kunnskap til å ta gode beslutningar.